Nærløp Kråkenesmarka 27. august

Postet av Førde Idrettslag den 26. Aug 2025

Nærløp orientering onsdag 27. august kl 18.00 i Kråkenesmarka. Løpet er Lagsmeisterskap Mellom. Oppmøte ved Skyttartun. Løypelengder: A løype på 4 km og B-løype på 3 km. 10 minutt å gå til start for desse to løypene. C-løype og Nybyrjar-løype har start ved arena. 

Påmelding via Eventor, eller ved frammøte.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka nord

Etter løpet vert det høve til å kjøpe kaffi og vafler på Skyttartun. Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Kreftforeningas Stafett for livet

Postet av Førde Idrettslag den 22. Aug 2025

Førde I.L. Orientering stiller også i år lag på kreftforeningas Stafett for livet som blir avvikla på Førde stadion lørdag til sunndag 6.-7.september. Konseptet går ut på å gå eller springe kontinuerleg i 24 timar frå kl 12.00 på lørdag til sunndag, det betyr at det alltid skal vere minst ein person på laget på bana heile tida. Det mest vanlege er at kvar deltakar har etappar på 1 til 2 timar. Fint høve til ei god treningsøkt og støtte ei god sak. Vi oppfordrar alle som har høve til å delta melde seg på, så skal vi sette opp liste på når du skal gå/springe. Meld deg direkte på linken:  Førde I.L. Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet eller på mail: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Vi set opp lagsteltet vårt og serverer forfriskningar. Husk å ta med varme kle, spesielt for dei som har nattetappar.  I fjor klart orienteringsgruppa 641 rundar, det vil sei at vi la tilbake ein distanse på 256 km. Målet i år er å slå denne rekorden. Vi prøver og å få til ein utloddning så vi kan få inn litt ekstra til Kreftforeninga. Dei som ynskjer å gje eit beløp kan og berre vippse til: #590488.









Resultat Gjesdalsdalen

Postet av Førde Idrettslag den 21. Aug 2025

Kring 40 løparar til start på nærløpet i Gjesdalsdalen på Jølster onsdag 20. august. Løypevinnarar: C menn Anders Mallasvik, B kvinner Ella Ryste Haugsbø, B menn Erlend Husevåg-Lobben, A kvinner Bodil Ryste, A menn Andreas Haug. Fullstendig resultatliste med strekktider og vegval finn du på Eventor.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Neste nærløp vert onsdag 27.8 i Kråkenesmarka, Skyttartun. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Nærløp Gjesdalsdalen 20. august

Postet av Førde Idrettslag den 19. Aug 2025

Nærløp Gjesdalsdalen, Vassenden, onsdag 20. mars. Løyper: Nybyrjar 1,4 km, Vore med før (C) 1,9 km, litt erfaren (B) 2,4 km, erfaren (A) 3,6 km. Løypeleggar rapporterer om godt oppdatert kart. Svært løparbart terreng. Mykje blåbær! 

Påmelding og meir info: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Merka frå Vassenden sentrum. Bomveg kr 50,- (vips 569902 Ytre Gjesdalsvegen), skriv bilnummer. Parkering ved inntaktet til kraftanlegget, "Dammen". Oppfordrar til samkøyring, parker langs vegen om nødvendig (må vere passering for traktor) 

Som alltid: Ta omsyn til beitedyr, sau og storfe. Velkomen til ein flott kveld på Jølster! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 






Aktiv veke med trening, nærløp og KM-helg

Postet av Førde Idrettslag den 18. Aug 2025

Mykje o-aktivitet denne veka. Trening måndag 18.8, nærløp 20.8 og KM-helg i Sogndal laurdag og søndag med o-leir. Framleis mogeleg å melde seg på alt dette. 

Måndag 18. august: Treningsløype frå Langeland skisenter. Påmelding innan kl 14.00 i dag måndag. 
Start presis kl 18.00. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening

Onsdag 20. august: Nærløp i Gjesdalsdalen, Vassenden.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Laurdag 23. august: KM Sprint i Sogndal.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM sprint

Søndag 24. august: KM mellom i Sogndal.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM mellom

O-leir Sogndal 23.-24. august:
Eventor - Arrangementsinformasjon: O-leir Sogndal

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest